Nye Nykhronborg skole er presentert i dagens Hus og Hjem (Bergens Tidene)

Teksten fra oppslaget av journalist Eva Røyrvik:

 

Sidan 1924 har den raude skulen vore samlingsplass for alle ungane i bydelen rundt Solheimsviken. Utvendig ser dette landemerket av ein bygning ut om lag som før. Inne er skulen tilpassa undervisninga anno 2012. Største endringa har skjedd på og under skuleplassen.

Langs Rogagaten ligg det nye kulturhuset med mediatek, skulekjøken og kantine oppe, salar, øvings- og møterom nede, og inngang til idrettshallen. Tolv meter under føtene som har friminutt, ligg boltreplassen med internasjonale mål 44 goner 23 meter.

-Tanken vår var at den tunge og majestetiske bygningen trong selskap av eit bygg som er lettare, sier arkitekt Thale Bjørnerheim i Arkitektgruppen Cubus. Ho har vore prosjektleiar for Nye Ny-Khronborg skole. Cubus har planlagt anlegget i lag med Rambøll, Brødrene Ulveseth har bygd.

Nybygget er kledd med glasplater i fargar som står til hovudbygningen. Fasaden har store vindauge på begge langsidene. Skuleplassen er ikkje lenger ein stor, flat plass, men er blitt eit kupert landskap med rom for møteplassar i trapper, under tuntreet og i klinekroken. Ein leikeplass med grønt gummidekke langs gråsteinsmuren på gamlebygningen, og små skråningar for klatring, inviterer til fysisk aktivitet.

- Meininga er at skuleplassen frå no av skal fungera som eit bydelstorg, ein møteplass for alle som bur her. Kjøkenet og kantina skal ikkje berre brukast av skulen. Som resten av kulturhuset, står det til disposisjon for alle andre utanom skuletida, forklarer Bjørnerheim.

Ny-Khronborg skole var byens flottaste då den var ny, teikna av Kaspar Hassel, byarkitekten som også var ansvarleg for skulane Rothaugen, Møhlenpris, Nygård, Sydneshaugen og seinare Fridalen. Renoveringa av bygningen hans har skjedd i god dialog med Byantikvaren, fortel arkitekten.

- Dei viktigaste kvalitetane til bygningen er tekne vare på. Der vi har måtta gjera utskiftingar, har vi prøvd å finna løysningar som liknar mest mogeleg på det originale. Der vi har bygd nytt, har vi brukt materialar som tydeleg viser at her har vi tilført noko fra vår tid, seier Bjørnerheim.

Dei lange korridorane med blankpolert skifergolv anno 1924 har overlevd ombygginga. Dei lange knaggrekkjene langsetter det heile er rydda vekk. I staden er det kome garderobar med fargerike skåp i begge endar. Oppe i tredje høgda er korridoren delt inn i fleire grupperom. Men veggene som deler av romma, har vindauge slik at det framleis er sikt gjennom heile gangen.

Langs korridorane ligg lyse klasserom og mindre, knallfarga grupperom. Her er rom for presentasjon av skulearbeid, og her er fleire fellesrom med kjøken. Lærarane har arbeidsrom dels i tilknytning til klasseromma, dels oppe på loftet.

Byantikvaren var svært oppteken av at dei gamle gråsteinsmurane framleis skulle koma til sin rett. Difor skrånar skuleplassen no inn mot grunnmuren og nybygget mot Rogagaten kviler på ein tilsvarande mur som den som tidlegare gjerda inn skuleplassen.

Det største inngrepet som er gjort i den gamle bygningskroppen, er at det er laga to nye arker mot nord for å sleppa meir lys inn i arbeidsromma. Veggen i naturfagsrommet er opna med ei dør som gjer det mogeleg å ta undervisninga med ut. Ein av dei gamle gymsalane er blitt sløydsal, den andre skal brukast til dans.

Frå gamlebygget til det nye går det ein passasje gjennom gjellet med lydtette øvingsrom på begge sider. Vi kjem den vegen inn til idrettshallen, som kan delast opp i tre mindre hallar. Eit langt og smalt styrkerom med grøn skog på veggen og knall oransje golv har utsikt ned i hallen. Under dette rommet ligg garderobane.

-Vi har ikkje hatt noko operabudsjett å rutta med her, røper arkitekt Bjørnerheim. – Det vi har gjort er å la den rå betongen dominera. Deler av veggene har vi kledd med eikespiler av omsyn til akustikken. På den måten spelar det røffe opp mot det nesten møbelaktige, seier ho.

Storsalen i kulturhuset er ein black box med galleri og vindauge som kan blendast. Salen kan koplast saman med naborom ved hjelp av skyvedører. – Målet har vore å laga eit hus som er så funksjonelt og fleksibelt som mogleg. I korridorar og trapperom har vi laga mange uformelle møteplassar. Vi har hatt i minste laget med plass, så tomta er maksimalt utnytta. Krateret som blei idrettshall, vart sprengd ut så nær den gamle bygningen som det var mogleg å koma, seier Thale Bjørnerheim.

Ho har mykje godt å seia om handverkarane som har utført arbeidet. –Dette har vore ein krevande jobb, ikkje minst fordi det var så mykje gammalt som skulle takast hand om på ein spesiell måte. No når dette arbeidslaget har lært seg korleis handtera bygningar som dette, burde dei fått bruka erfaringa si på den neste skulen som kommunen skal pussa opp, seier ho.

Det har vore meiningsfullt både som arkitekt og som medmenneske å vera med å forma dette anlegget for dei som bur i denne magfaldige bydelen, seier Thale Bjørnerheim.

Skulen har plass til 500 elevar som for tida kjem frå 35 ulike nasjonar. Ho håpar bydelssenteret blir ein motor i området, at senteret blir teke i bruk av alle som bur under Løvstakken. Og så håpar ho kommunen forstår at dette er eit anlegg som treng ein vaktmeister,

Ideen om å plassera idrettshallen under skuleplassen på Ny-Krohnborg var faktisk fødd hos Arkitektgruppen Cubus, fortel Bjørnerheim. Det skjedde i 2005. – Vi skulle sjå etter aktuelle tomter, og landa på denne. Så det var kjekt at det var vi i lag med Rambøll vann den seinare konkurransen og fekk oppdraget med å gjennomføra dette prosjektet, seier ho