Prosjekt

Røldal Pilegrimssenter

År

2011

Sted

Røldal

Type

Visningssenter, Krematorium

Størrelse

1 300 kvm

Åpen internasjonal konkurranse for pilegrimssenter i samband med Røldal kyrkje.

Bakgrunnen for konkurransen var behovet for eit pilegrimssenter i samband med Røldal kyrkje, som igjen er blitt eit mål for pilegrimar.

Det nye senteret – Milestein – er eitt av stoppa på pilegrimsreisa, ein stad ein finn kvile og ro, sosialt samvær og åndelig føde. Men målet er enno ikkje nådd, ein er fortsatt undervegs. Det nye bygget og anlegget er forma som ei vandring som inngår i pilegrimsreisa.

Det er laga eit lågt og langstrakt bygg som jobber saman med landskapet. Forma relaterer seg til elva, som buktar seg gjennom landskapet, og skapar fine landskapsrom. Ved ankomst er pilegrimssenteret senka ned i bakken, og har eit lågmælt uttrykk her. Slik utkonkurrerar ikkje det nye bygget den gamle kyrkja. Etterkvart som terrenget fell ned mot elva, vert også bygget større.

Steingarden rundt kyrkja er teke vidare som eitt av hovudelementa i bygget. Denne fylgjer ein når ein vandrar nedover i utstillinga, som er ein sentral del av programmet i bygget.

Funksjonane er delt inn i ein praktisk/ administrativ del i bakkant, og publikumsdel mot kyrkja. På grunnplan ligg funksjonane som skal tene fellesområda, samt dei som treng direkte utgangar. Heile administrasjonsdelen er i 2.etasje.
Pilegrimssenteret har også to ”hjarte”; eit aktivt hjarte sentralt plassert i bygget med resepsjon, kjøkken og servering, og eldstaden plassert som eit roleg hjarte i nedre del av bygget, som ein kjem til etter vandringa gjennom utstillingen og bygget. Her kan ein gå vidare ut i den sakrale parken, som leder mot elva der eit enkelt anlegg med skjerma overbygg og tilkomst ned til vatnet gir ein moglegheit til å dyppa slitne føter i kjølande vatn.

Hovudmateriala i bygget er stein, tre og glas. Dette er naturlege materiale, som både er varige og har røter i lokal tradisjon.

  • {alt_text}